You are currently browsing the category archive for the ‘Uncategorized’ category.

Vel vel, så er ikkje blogging heilt min ting. Det har eg igrunn forutsett og frykta. Lat som eg er, samtidig som eg har eit skyhøgt forventingspress på å skrive mest mogleg underfundigt og morosamt, har eg i grunn gitt opp heile prosjektet. Tomas derimot, er min strake motsetning, og etter ein smule masing har eg måtte ta meg samme og prøve å komme meg asjur. For ein stund sia var eg på besøk hos silje i melbourne. Oppsummert var det ein utruleg fin tur samt det var veldig koseleg å finne naboen i samme land som deg sjølv. Melbourne i stikkordform (vi lar latskapen råde); byby, gammalt/nytt, trikk(!), koselege kafear og avenuar, vintage og retroheaven, italiensk/kinesisk områder, containerbar, st Kilda, konsert i parken, varm sjokolade og queen st marked. Konklusjon og det er litt sårt å innrømme det; melbourne er finare enn brisbane. Meeeen, vi har finare strender!!!
Sist veke var det o-veke og med fadderveka heime godt i minne var det heller ein laber affære. Første dagen var det offisiell velkommen og informasjon til internasjonale studenter. Det viser seg at det er 158 norske studenter på uq, men eg har igrunn ikkje sett så mykje til dei. Elles er det ein bunsj med amerikanere, canadere, tyskere og ikkje minst asiatere. Etter 4 timer med info var det grillings. Og thats it. Heldigvis møtte eg igjen to andre frå bergen, og dei kjente igjen ein del folk frå eit engelskkurs dei hadde vore på. Så dagen gjekk mykje i å helse på folk og bruke 100 ganger på å forklare namnet mitt og at nei, eg vil ikkje heite Inge. Dei er veldig glad i å korte ned på namn her. Onsdagen var det markedsdag der alle organisasjoner i tilknytning til uni møtte opp og prøvde å hanke til seg flest mogleg studenter. Eg fråtsa heller i gratis mat og frie duppedingser:) Om kvelden var vi ute på ein plass som heitte regatta. Her merka ein fort at ein var av den eldre garden, og at orienteringsveka var mest mynta på nyutflytta 17-åringer. Men for all del, det va ein kjekk kveld:) På fredagen reiste eg, Kjersti og Cecilie (dei to andre frå bergen) til surfers og var der heile dagen der. Kjempeherleg. Vi møtte også nokre innfødte som viste oss rundt;) Laurdagen vart eg lurt med i ei fotballturnering fordi eg i ein bedugget tilstand hadde merkeleg lyst til å spele fotball, og hadde lovet å komme viss det var ¨just for fun¨. ¨Just for fun¨ tilsvarte tydelegvis turnering, og det var igrunn rimeleg skummelt siden det var tolv lag og rundt 6 jenter med. Men dei andre på laget var sjukt gode, så vann vi turneringa og eg fekk medalje;) Etterpå var eg på konsert, noko som igrunn ikkje var det heilt store. Og så var eg så sjukt sleten i beina noko som forplanta seg til heile kroppen og satte meg ut av spel for dei neste to dagane. I tillegg jobber eg med å oppnå resistans mot flip flop eller thongs som det vert kalla her nede. Det viser seg å vere ein lengre og meir smertefull prosess enn anntatt. Men eg er med godt mot, eg har heilt semester på meg. Hmm ja, eg burde kanskje nemne kva fag eg tenker å ta istaden for å prate om tjukk hud mellom tærne. Men siden eg no har skrivet alt for mykje og den billedlege dokumentasjonen er totalt fråværande, trur eg at eg gjer det lurt i å ta det neste gong eg får raptusen over meg. Eg kan kanskje nemne at Tomas har bursdag imorgon, og at eg fortsatt lurer på kva kake eg skal lage til han. Innerst inne veit eg at han ikkje er så glad i kake dvs at behovet for kake ikkje er det store. Men, hmmm, eg har lyst på kake;)

Og ja, eg har enda ikkje prøvd å surfe, eg har enda ikkje sett ein kenguru og eg er ikkje spesielt brun. Men eg jobber med saken;)

Ingebjørg


By på eine sida, jungel på andre :p

slippery

Dissa skilta var over alt i Hong Kong. I lag med instruksjonar for korleis ein skal stå i rulletrapper og korleis ein skal gå i trapper

då var vi i oslo. her er det snø, og kjell diska opp med taco som vanleg.

togturen vert fort kjedelig når toget er forsinka og ein er tom for batteri på alle kjekke duppedingser. 12 av 38 reisetimer er over.

no må eg ut og sosialisere

mens eg satt på kafé her i bergen og var urban og drakk kaffi, kom eg på at eg faktisk var heimlaus for øyeblikket, og det kommer eg til å vere heilt til februar :p
det var litt rart, men eg lider vel ingen naud sia eg alltid har ein plass å bu der eg er.

no er det 6 dager igjen til avreise og reisefeberen kryper seg lenger og lenger inn på meg. trur det her kan bli bra :)

det her vert primært ein reiseblog fra meg og ingebjørg sitt halvår i brisbane, men det vert vel andre innslag inn i mellom også.

her kan ein altså følge med på livet i brisbane.

så om 8 dagar skal eg flytte heilt på andre sida av verda. det blir rart…

Følg

Få alle nye innlegg levert til Innboksen din.