DSC_0087
DSC_0039

I dag er siste natta i leiligheta, så no har vi straks konvertert frå studentar til backpackers.

Eg skal innrømme at vi har vore ganske treige på å oppdatere her med alt vi har gjort. Bloggen har rett og slett blitt litt vekkglømt mellom innleveringar og eksamenar no i slutten av semesteret. Først var det tre innleveringar som skulle leverast inn i løpet av ei helg, og så var det 4 eksamenar i løpet av 5 dagar to veker etter. Det var ein ganske stressande periode, men no er det vinterferie og vi er ferdig på universiteta i Australia!

Vi har ikkje berre sotte inne og jobba med skule den siste tida vi har fått reist litt rundt om også.
I påskehelga var eg i Brooyar National Park saman med klatreklubben på QUT for å klatre på sandsteinsklippene der. Det var utrulig morsomt, med klatring frå soloppgang til solnedgang og samling rundt bålet om kvelden for sosialisering og sjokolade-egg fyllt med baileys. Sandstein har same overflate som eit sandpapir og etter ei helg med klatring der sitter ein igjen med lett pussa fingrar.

I slutten av mai reiste vi til Sydney og trakka rundt der i 5 dagar blant ein heil horde av japanske turistar. Dei var over alt på dei kjente turistplassane. Helst i store flokkar som tok bilder av alt dei kom over. Sydney var ein veldig fin by, og hadde mykje meir byfølelse enn Brisbane. Den nest siste dagen møtte vi på han far som og var innom Sydney uten at vi hadde fått med oss det. Han var innom ein tur med båten og tok oss med på fanseh restaurant med utsikt til operahuset.

Denne helga reiste eg til Mt French for å klatre på Frog Buttress. Fjellveggen der er full av sprekker og kvar sprekk er ei klatrerute. Her er trikset og trykke det du har som passar av fingre, hender, armer eller bein inn i sprekken så det sitter fast og du kjem deg vidare oppover. Dette skjer då ikkje uten medfølgande hudtap og skviste tær! Det var ei flott vinterhelg (eg har enda ikkje sett høsten merkeleg nok…) og ein veldig kjekk tur.

Planen no framover er å reise nordover østkysten etter varmen dei siste dagane vi har igjen før vi tar flyet heim igjen den 15. juli. Vi har leiligheta til og med lørdag, og etter det er vi enda nokre backpackers på veien langs østkysten av Australia.

Tomas

(Når internettet er tilbake til vanleg hastighet skal eg få lagt ut nokre bilder. Her er i mellomtida eit lite samlealbum på facebook. )


I påska har eg vore på felttur til Heron Island, The Great Barrier Reef, og bytta skigåing med snorkling blant skilpadder, haier og sting rays. Og ja, det var fantastisk!!!
heron
heron
Påska er klekkesesong for skilpadder, og babyskilpadder er noko av det søtaste som finnast. Det synst måkene og! Denne vart redda frå ein gjeng måker som hadde festmåltid på stranda. Normalt sett venter babyskilpaddene til det vert natt og kaldt, men denne dagen hadde det regna, så ting gjekk litt i stå.
babyskilpadde
Etter 5 dager på heron island, 2 timer båt og 7 timer buss tilbake til brisbane, bar turen til Fraser Island sammen med Silje Marie og Kamilla. Bileter kjem i neste post.

Ps: i det siste har det vore mange bemerkninger på at eg smatter. Eg smatter ikkje, eg berre tygger høgt!

Ingebjørg

Eg har vore litt slakk på å fikse bilder i det siste, så her kjem det ei lita oppdatering.

one legged bird
fisheye

Vi har og skaffa oss ei ny leilighet. Det tok heldigvis ikkje så lang tid, så vi var flytta innen ei veke. No har vi ei 3-roms kjellarleilighet heilt for oss sjølv i West End. Leiligheta er i eit gammalt hus med litt gamle møblar og luktar derfor litt gammalt støv enkelte plassar, men det er kun 3 månadar igjen så det skal vi nok overleve.

På tirsdag fekk vi vite at huseigaren her skal pusse opp leiligheta, og vi må vere utflytta om to veker. Det er visst vanleg praksis med så kort frist her sidan vi berre betaler leige for to veker av gongen og ikkje har kontrakt.

No er vi igjen på husjakt og håpar nokon vil ha oss i berre 3 månader så vi slepp å flytte på hostell.

Vel vel, så er ikkje blogging heilt min ting. Det har eg igrunn forutsett og frykta. Lat som eg er, samtidig som eg har eit skyhøgt forventingspress på å skrive mest mogleg underfundigt og morosamt, har eg i grunn gitt opp heile prosjektet. Tomas derimot, er min strake motsetning, og etter ein smule masing har eg måtte ta meg samme og prøve å komme meg asjur. For ein stund sia var eg på besøk hos silje i melbourne. Oppsummert var det ein utruleg fin tur samt det var veldig koseleg å finne naboen i samme land som deg sjølv. Melbourne i stikkordform (vi lar latskapen råde); byby, gammalt/nytt, trikk(!), koselege kafear og avenuar, vintage og retroheaven, italiensk/kinesisk områder, containerbar, st Kilda, konsert i parken, varm sjokolade og queen st marked. Konklusjon og det er litt sårt å innrømme det; melbourne er finare enn brisbane. Meeeen, vi har finare strender!!!
Sist veke var det o-veke og med fadderveka heime godt i minne var det heller ein laber affære. Første dagen var det offisiell velkommen og informasjon til internasjonale studenter. Det viser seg at det er 158 norske studenter på uq, men eg har igrunn ikkje sett så mykje til dei. Elles er det ein bunsj med amerikanere, canadere, tyskere og ikkje minst asiatere. Etter 4 timer med info var det grillings. Og thats it. Heldigvis møtte eg igjen to andre frå bergen, og dei kjente igjen ein del folk frå eit engelskkurs dei hadde vore på. Så dagen gjekk mykje i å helse på folk og bruke 100 ganger på å forklare namnet mitt og at nei, eg vil ikkje heite Inge. Dei er veldig glad i å korte ned på namn her. Onsdagen var det markedsdag der alle organisasjoner i tilknytning til uni møtte opp og prøvde å hanke til seg flest mogleg studenter. Eg fråtsa heller i gratis mat og frie duppedingser:) Om kvelden var vi ute på ein plass som heitte regatta. Her merka ein fort at ein var av den eldre garden, og at orienteringsveka var mest mynta på nyutflytta 17-åringer. Men for all del, det va ein kjekk kveld:) På fredagen reiste eg, Kjersti og Cecilie (dei to andre frå bergen) til surfers og var der heile dagen der. Kjempeherleg. Vi møtte også nokre innfødte som viste oss rundt;) Laurdagen vart eg lurt med i ei fotballturnering fordi eg i ein bedugget tilstand hadde merkeleg lyst til å spele fotball, og hadde lovet å komme viss det var ¨just for fun¨. ¨Just for fun¨ tilsvarte tydelegvis turnering, og det var igrunn rimeleg skummelt siden det var tolv lag og rundt 6 jenter med. Men dei andre på laget var sjukt gode, så vann vi turneringa og eg fekk medalje;) Etterpå var eg på konsert, noko som igrunn ikkje var det heilt store. Og så var eg så sjukt sleten i beina noko som forplanta seg til heile kroppen og satte meg ut av spel for dei neste to dagane. I tillegg jobber eg med å oppnå resistans mot flip flop eller thongs som det vert kalla her nede. Det viser seg å vere ein lengre og meir smertefull prosess enn anntatt. Men eg er med godt mot, eg har heilt semester på meg. Hmm ja, eg burde kanskje nemne kva fag eg tenker å ta istaden for å prate om tjukk hud mellom tærne. Men siden eg no har skrivet alt for mykje og den billedlege dokumentasjonen er totalt fråværande, trur eg at eg gjer det lurt i å ta det neste gong eg får raptusen over meg. Eg kan kanskje nemne at Tomas har bursdag imorgon, og at eg fortsatt lurer på kva kake eg skal lage til han. Innerst inne veit eg at han ikkje er så glad i kake dvs at behovet for kake ikkje er det store. Men, hmmm, eg har lyst på kake;)

Og ja, eg har enda ikkje prøvd å surfe, eg har enda ikkje sett ein kenguru og eg er ikkje spesielt brun. Men eg jobber med saken;)

Ingebjørg

Twitter

Eg har funne ut at eg skulle prøve ut Twitter litt framover, så no kan ein følge med på kva eg styrer med på lenka over.

Twitter er då eit nettsamfun der ein kan følge med på kva som skjer hos kjentfolk, ukjentfolk og andre interessante mennesker.

Det kommer kanskje twitter-oppdateringer i blog’en også.

Tomas

Det er ei stund sia vi har skreve no, så her kjem det ein liten statusoppdatering.

Eg (Tomas) har starta på skulen dinna veka, og Ingebjørg begynner ikkje før neste veke. Første veka på skulen er orienteringsveke, og då er det ikkje så mykje for oss utvekslingselever å gjere. Det går nokre seminar på dagen og på tirsdag var det elvecruise for dei internasjonale studentane. Sia eg er den einaste på QUT frå Høgskulen i Bergen var det ingen kjente når eg møtte opp før cruiset, så eg var litt skeptisk på om det kom til å bli noko stas. Eg overhørte to oslodamer på vei til båten, så eg tok motet til meg og satt meg ned med dei når vi var ombord. Heldigvis var dei veldig hyggelige og vi, to andre frå deires universitet og en tysker kalla David hang saman resten av kvelden.

Ingebjørg har vore i Melbourne for å besøke Silje denne helga, så det kjem ei oppdatering derfra seinere.

Sider